Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

AMMING

 Treng du ammehjelp? Råd ved såre brystknopper? Er du usikker på om barnet legg på seg? Vektkontroll? Ta kontakt med Bryne helsestasjon.

Morsmjølk er den beste maten for spedbarnet. Det vert tilrådd at spedbarn får morsmjølk som einaste næring dei første seks levemånadane. Amminga bør oppretthaldast gjennom heile det første leveåret - gjerne lenger- dersom mor og barn ynskjer det.

Dersom amming ikkje er mogleg eller det er behov for anna mjølk i tillegg til morsmjølka, bør morsmjølkerstatning brukast fram til 12 månadars alder.

Samansetjinga og mengda av morsmjølka er tilpassa barnet sitt behov. I tillegg til å dekka barnet sitt næringsbehov inneheld morsmjølka ei rekkje stoff som blant anna beskyttar barnet mot infeksjonar.

Samansetjinga av morsmjølka kan variera noko frå kvinne til kvinne, men morsmjølka gjev nok energi og næringsstoff til barnet (utanom vitamin D) fram til seks månadars alder. Eit spedbarn kan drikka mykje morsmjølk, over ein liter per døgn, men dette varierer både frå spedbarn til spedbarn og under spedbarnsperioden.

TILRÅDINGAR OM AMMING FRÅ HELSEDIREKTORATET

- Full amming i eit halvt år

- Spedbarn har best av å få morsmjølk som einaste ernæring dei fyrste seks levemånadane.

- Fortsatt amming i minst eit år

Fast føde vert introdusert frå 6 månadar, eller tidlegast frå 4 månadar, om nødvendig. Barnet bør halda fram med morsmjølk i tillegg til annan mat i alle fall heile det fyrste leveåret. Verdas helseorganisasjon tilrår at barna får brystmjølk i to år.

Helsenorge.no

Korleis ammer du barnet ditt?

Ammehjelpa

Guide To Breastfeeding

Meir informasjon om amming, sjå under


Enheten arbeider med blant annet Mor-barn vennlig standard for sykehus (føde/barsel og neonatal) og Ammekyndig helsestasjon, kurs og utdanning, informasjon om medisinske brystkomplikasjoner, pågående prosjekter mm.  
Innholdet om amming er nå publisert her. 

Her får du vita kva som er (og kva som ikkje er) teikn på lite mjølk - og korleis du eventuelt kan auka mjølkeproduksjonen.

Les meir på ammehjelpen.no


Både morsmjølk og morsmjølkerstatning kan gis på flaske, kopp og hjelpebryst.

 


Ammeteknikk

Ammestillinger

Spisemønstre og melkemengde

Ammeutfordringer

Utmelking og oppbevaring av morsmelk

Helsefordeler og ammelengde


Morsmjølk er den beste maten for spedbarnet, og barnet kan trygt få bare morsmjølk dei fyrste seks månadane, med tilskot av D-vitamin, dersom barnet og mora trivs med det.

Dersom det er behov for annan mat enn morsmjølk, er morsmjølkerstatning det einaste alternativet dei fire fyrste månadane.

Også delvis amming er bra for barn og mor.


Barnet si vektutvikling er den beste måten å vurdera om det får nok mjølk. Er ikkje vektauken som venta kan den primære årsaka anten liggja hos barnet eller ho kan liggja hos mor.

Næringsinnhaldet i morsmjølka vert påverka av kva mor et. Derfor må mor sitt kosthald vera godt samansett, gje nok energi for mjølkeproduksjon, og innehalda dei næringsstoffa som mor og barn treng i denne tida.

Morsmjølka har et optimalt næringsinnhald for spedbarnet, og ammande kvinner har stor kapasitet til å produsera morsmjølk i slike mengder og av ein slik kvalitet at det gjev god vekst og helse hos barnet. Dette gjeld òg der mora sitt inntak av næringsstoff er begrensa. Ammande kvinner kan i all hovudsak bruka dei same kostråda som resten av befolkninga.

Det er likevel nokre matvarer som mor må vera forsiktig med når ho ammar.


Hvis du skal nyta alkohol mens du ammar er det viktig at du ventar til minst seks veker etter berekna termin. Jo yngre barnet er, jo dårlegare vil det bryta ned alkohol. Det er også viktig å merka seg kor mykje, når og korleis det vert rådd til at du nærmar deg alkohol i ammeperioden.

Det aller beste for deg og barnet ditt er at du ikkje røyker eller snusar. Har du klart å halda deg unna tobakk i heile svangerskapet er det ingen grunn til å starta opp igjen når barnet er fødd. Men klarer du ikkje å slutta heilt, er det best om du kuttar ned mengda røyk eller snus så mykje som mogeleg, og at du ammar før du tek ein snus eller røyk.

Symptom på tette mjølkegangar er at du kjenner nokre ømme, litt harde område i brystet etter at barnet har ete. Av og til blir huda over desse områda litt raudflamma. Tette mjølkegangar kan gje høg feber og influensaliknande symptom viss dei ikkje blir tømde.

Mjølkespreng er harde og spente bryst som følge av at brysta er fulle av mjølk, og trykket inne i brysta er stort. Dette kan koma av at det er lenge sidan du har amma sist, eller at produksjonen er for stor.

Brystspreng er ein fysiologisk tilstand som vanlegvis opptrer mellom 2.-4. dag etter fødselen. Den må ikkje forvekslast med mjølkespreng. Det kan følast som at brysta er så fulle av mjølk at det må tiltak til for å tøma mest mogeleg og så ofte som mogeleg. Men slik er det ikkje.

Det kan vera mange grunnar til at du treng å pumpa deg. Det kan f.eks vera at du skal begynna å jobba igjen, barnet er fødd for tidleg, barnet er sugesvakt eller barnet greier ikkje å ta brystet. Uansett kan det å pumpa seg vera vanskeleg for nokre, og uproblematisk for andre. Nokre vil helst handmjølka seg, andre ønskjer å bruka pumpe. Pumping og handmjølking kan elles fint kombinerast.


Det er normalt å verta øm i starten av ammeperioden, men normalt skal det gå over i løpet av dei første 30 sekunda inn i amminga. Varer smertene, eller blir verre for kvar gong er noko galt, og det merker du gjerne i løpet av få timar eller dagar. Når det så først oppstår synlege sår vert det svært smertefullt å amma. I dei fleste tilfella skuldast sårheita ikkje-optimalt sugetak. Sårheita forsvinn då så fort sugetaket er retta opp. Førebygging er det aller viktigaste tiltaket du kan gjera.

Oppstår sårheita etter at du har amma i ein månad eller lenger, bør du vera merksam på at det kan vera fleire årsaker til det.


Brystbetennelse kan gje smerter og raudt, varmt og hovent bryst. Du kan få feber og ei kjensle av at du har fått influensa. 

Koppmating kan du bruka viss du skal gje utpumpa morsmjølk eller morsmjølkserstaning i dei tilfella der amminga ikkje er vel etablert.


Det kan vera fleire årsaker til at barnet strevar med å kobla seg på brystet.


Hittil har amminga gått heilt fint; men plutseleg ein dag vil ikkje barnet dia. Kva er årsaka til det, og kva kan du gjera med det?

Å amme tvillingar er ikkje noko sjølvfølge. Men du skal vita at dei aller fleste kan etablera ein tilstrekkelig mjølkeproduksjon, det krev bare litt ekstra stimulering i starten. Det er mykje du må ta omsyn til; blant anna om barna dine er friske eller premature, så hugs at kvar og ein må finna den beste løysinga for seg.