Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

BARNET OG FAMILIEN

Foreldra er dei viktigaste personane i eit barns liv. Søsken, besteforeldre, vener og dei som jobbar i barnehagen påverkar sjølvsagt òg barnet si utvikling, men det er foreldra som dei næraste omsorgspersonane som betyr aller mest.

God omsorg frå fødselen av aukar livskvaliteten og legg eit godt grunnlag for barnet i forhold til å møta utfordringar seinare i livet. Barnet og foreldra påverkar kvarandre gjennom samspel, og barnet sine eigenskapar verkar inn på korleis foreldra reagerer.

Som forelder står man betre rusta til å støtta barnet til ei trygg og god utvikling dersom du har kunnskap om korleis barn flest utviklar seg og korleis du kan hjelpa barnet i forskjellige fasar. Helsestasjonen kan vera ein god samtalepartner og kan gje rettleiing når familien har ting dei lurer på, eller når de møter utfordringar.


Tipsa er relevante for samvær med barn i alle aldre: Informasjonsark

Det tidlege samspelet mellom barnet og foreldra er med på å leggja grunnlaget for ei trygg tilknyting. Barn er fødde sosiale og kan delta i samspel alt frå starten av.

Spedbarn har ikkje ord, men kan likevel gi klare beskjedar. Korleis kan du sjå og høyre forskjell på når babyen er fornøgd, trøytt, svolten eller klar for kontakt med deg?



Den sosiale utviklinga startar alt ved fødselen, og barnet sitt forhold til dei næraste omsorgspersonane er svært viktig for korleis de utviklar seg. Barnet sin personlegdom vert utvikla i relasjonen med andre menneske, og relasjonane med andre avheng av at barnet utviklar ei forståing av seg sjølv som sjølvstendig individ.

Omgrepet tilknyting vert brukt om det sterke kjenslemessige bandet som oppstår mellom barn og foreldre (primær omsorgsperson).

Tryggleikssirkelen er ein modell som kan brukast for å forstå koleis tilknytningssystemet mellom omsorgsperosnen og barnet fungerer. I den øverste delen av Tryggleikssirkelen ser me at barnet bevegar seg bort frå omsorgspersonen, som er den trygge basen, for å utforske. I den nedste delen av sirkelen ser me at omsorgspersonen er ei sikker hamn å koma tilbake til når barnet føler seg trua eller treng trøyst.



Uansett alder på barnet er det viktig å visa at du er glad i det- så ofte du kan!

Ved å visa barnet den ubetinga kjærleiken din, bygger du både sjølvkjensle og tryggleik.


Som vaksen har du både gode og dårlege opplevingar i bagasjen frå oppveksten. Kanskje er det med på å påverka korleis du og barnet ditt har det saman?