Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

UNDHEIM SKULE

Helsesjukepleiar: Marit Helen Tveit Osnes

Trefftid på skulen:

Mandag og torsdag.

Telefon: 51776599/ 91783145 (Marit Helen)

Informasjon frå helsesjukepleiar på skulen si heimeside

Å høyra om krig og uro, og til dømes sjå bilde og videoar av tanks, militærsoldatar og engstelege menneske kan vera skremmande for oss vaksne, men ikkje minst òg for barn.

Mange barn blir urolege og kanskje litt engstelege av slike inntrykk, og har mange spørsmål det ikkje alltid er så enkelt å svara på. Det kan vera ekstra vanskeleg å svara viss ein sjølv òg er litt uroleg for situasjonen akkurat no.

Her er nokre råd om korleis du kan snakka med barn om skremmande situasjonar: Voksne for barn


SKULEHELSETENESTA FOR 2022/2023

Skulehelsetenesta skal arbeida for å

• fremma eleven si psykiske og fysiske helse
• fremma gode sosiale og miljømessige forhold
• førebygga sjukdom og skade I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon.

• jamna ut sosiale helseforskjellar.

• forebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt.

 

Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.

Plan for skulehelsetenesta:

1.trinn 
Helseopplysing frå foreldra om barnet si helse. Helsesamtale hos helsesjukepleiar, vekt- og høgdemåling. Konsultasjon hos lege med mellom anna somatisk helseundersøking.

2. trinn
Tetravac-vaksine (difteri, stivkrampe, kikhoste og polio). Informasjons- og samtykkeskjema til foreldra vert sendt med elevane heim før vaksinering

3. trinn
Gruppesamtalar om helse og trivsel. Foreldra får eit helseopplysningsskjema dei skal fylla ut i førekant. Vekt- og høgdemåling.

4.trinn                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                                Klasseromsundervisning i Psykologisk førstehjelp

5. trinn
Gruppesamtalar om pubertet. Foreldra får eit informasjonsskriv i førekant.

6. trinn
MMR - vaksine (meslingar, kusma og raude hundar). Informasjons- og samtykkeskjema til foreldra vert sendt med elevane heim før vaksinering.

7. trinn
HPV-vaksine (for førebygging av livmorhalskreft). Informasjons- og samtykkeskjema til foreldra vert sendt med elevane om lag 14 dagar før vaksinering.

 

Enkeltkonsultasjonar på alle klassetrinn ved behov


Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. I filmen får du svar på spørsmål som Hermine (13) stiller til Helen som er lege i Helsedirektoratet.

Lurer du på noko om mensen?

 


Hefte om puberteten: Hva skjer? 11-13 år

Dette hefte er laget spesielt til gutar og jenter i 11 til 13 års alderen. Det skjer mykje fantastisk og rart med kroppen din, tankane dine og følelsane dine. Alt er ikkje lett å forstå.



Eit tilbod der barn møter andre barn som har foreldre som slit med helsemessige utfordringar.

Tilbodet inneheld samtale, leik og spisestund. Alt er gratis

Ta kontakt med Gunn Mattson på Familiesenteret: 51776306/97725318

 



Under puberten går kroppen gjennom ei dramatisk forvandling frå barn til voksen. Men korleis gjer han det?

Nakenbilete, eller «dickpics» og «nudes», som dei meir spesifikt kallar det på ungdommeleg internasjonalsk, florerer i ungdomsmiljø kor alle har ein smarttelefon.

Spredniing av desse bileta og filmar har vorte ein utfordring som tidligare generasjoner ikkje hadde i same omfang.

Kva skal me seia til unge om å senda nakenbilete?