Familiesenteret er et tilbod til familiar med barn i alderen 0-18 år.
Hos oss kan du få støtte og rettleiing i foreldrerolla og hjelp til å styrka samspelet i familien. Familiesenteret tilbyr og samtalar til barn og ungdom som har utfordringar eller psykiske helseplagar som dei treng hjelp til å meistra.
På Familiesenteret møter du erfarne fagfolk med god kompetanse innan psykisk helse- og familiearbeid.
Familiesenteret kan tilby:
- Familiesamtaler og individuelle samtalar
- Foreldrerettleiing
- Gruppetilbod til foreldre
- Grupper for barn og unge som har foreldre med helsemessige utfordringar som psykiske vanskar, kronisk sjukdom, eller som strevar med rus
- Foreldrerettleiing etter Marte Meo metoden
- Samarbeid med andre tenester etter behov
Kven kan oppsøka oss?
- Foreldre som har barn mellom 0 og 18 år
- Barn og unge under 18 år
- Andre instansar kan etter samtykke ta kontakt på vegne av familien (barnehage, skule osv.)
Rask hjelp:
Familiesenteret har inntaksmøte kvar tysdag og du får tilbakemelding innan 1 veke etter møtet.
Tilbodet er gratis
Ring eller drop-in:
Familiesenteret kan kontaktast på telefon 51 77 61 11. Legg igjen mobilnr ditt om du vil at familiesenteret skal ringa deg. Du kan óg senda e-post til Familiesenteret: familiesenteret@time.kommune.no
Synes du det er enklare å stikka innom har me drop-in tid kvar fredag mellom kl. 12.30-14.00. Du treff oss i 2. etasje på Bryne helsestasjon i Hulda Garborgsveg 8 på Bryne.
- Føresette kan møta utan henvisning eller timeavtale i drop- in tida på fredagar.
- Føresette må møta utan barn eller ungdom
- Føresette kan velja å vera anonyme
- Føresette kan få rettleiing til rett hjelpeinstans