Helsestasjonstenesta skal bidra til å førebyggja sjukdom og fremja god fysisk og psykisk helse hos komande foreldre og barn.
Gjennom kontakten med nær sagt alle familiar og barn sikrar tenesta heile befolkninga tilbod om vaksinar, helseundersøkingar og informasjon om korleis førebyggja sjukdom og skadar, og støtte til meistring og positiv utvikling. Tenesta skal vera et lågterskeltilbod.
Alle barn frå 0-5 år bør få tilbod om regelmessige konsultasjonar på helsestasjonen.
Målet med helsestasjonsprogrammet er:
• foreldre skal oppleva meistring i foreldrerolla og bidra til godt samspel mellom foreldre og barn
• å fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hos sped- og småbarn
• å førebyggja, avverga og avdekkja vald, overgrep og omsorgssvikt
• å avdekkja fysiske og psykiske utviklingsavvik tidleg
• å bidra til at barn får oppfølgjing og vert viste vidare ved behov
• å jamna ut sosiale helseforskjellar
• å forebygga,
avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt
Kjelde: Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmed og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom.