SPISEVANSKAR HOS BARN I FØRSKULEALDER
Teikn på etevanskar:
Helsestasjonen får fleire spørsmål som handlar om små barn med ulike typar spiseproblematikk. det kan vera at barnet:
- er utveljande i forhold til ulike matvarer det vil ha/ikkje vil ha.
- har vegring i forhold til mat og måltidssituasjon
- har vanskar med tygging og svelging.
Spisevanskane grip inn i og kan etterkvart påverka samspelet mellom barnet og foreldra eller andre.
Barnet kan verta oppfatta vanskeleg å forhalda seg til og dei rundt veit ikkje korleis dei kan støtte barnet si utvikling vidare.
Spiseteamet på Bryne helsestasjon kan bidra med:
- Spiseteamet ved Bryne helsestasjon tilbyr rettleing for foreldre med barn i førskulealder som har spisevanskar.
- Spiseteamet kan i lag med foreldra samarbeida med barnehagen.
- Spiseteamet har kunnskap og erfaring med at når familien får tidleg hjelp så kan ein førebygga ytterligare vanskar.
- Spiseteamet kan tilby retleiing, observasjon av måltid og Marte Meo rettleiing som er basert på filmopptak.
- Spiseteamet er tverrfagleg samensett av helsejukepleiar, logoped og Marte Meo terapeut/familieretteleiar.
Trur du me kan hjelpa deg - ta kontakt!
For å lage avtale med spiseteamet - snakk med din helsesjukepleiar eller ta kontakt med Bryne helsestasjon på tlf 51 77 62 36. Tilvisningskjema ligg oppe til høyre, som vedlegg.