Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

Vekt og høgdeutvikling er ein viktig indikator på utvikling og trivsel hos barna. Førekomst av overvekt og fedme er sterkt aukande i Norge som i resten av Europa. Med det følgjer aukande risiko for sjukdom både hos barn og vaksne.    

Overvekt og fedme blant barn er eit betydeleg helseproblem som kan ha alvorlege konsekvensar for barnet sin psykiske og fysiske funksjon og for sjukdom i vaksen alder. Det er derfor særleg viktig å leggja vekt på førebygging av overvekt og fedme hos barn og unge.    

For å sikra god oppfølgjing av det enkelte barnet og for å følgja med utviklinga i barnepopulasjonen, har Helsedirektoratet tilrådd rutinemessige målingar av høgde, vekt og hovudomkrins på bestemte alderstrinn i det førebyggjande helsearbeidet blant barn og unge på helsestasjonene og i skulehelsetenesta.  

For skulehelsetenesta inneber tilrådingane veging og måling i 3. og 8. klasse. Dette er eit tilbod til alle barn og foreldre. Veging og måling vil foregå individuelt med formål om å avdekka uheldig vektutvikling.


Dersom du meiner at barnet ditt er overvektig, bør du søka hjelp og råd hos helsepersonell. Det same gjeld viss barnet er tydeleg misnøgd med vekta si. Eit anna varskuteikn er viss barnet ikkje greier å halda følgje med dei andre i aktivitet og sport. Ta kontakt med helsesjukepleiar på skulen eller fastlegen.

Kostverktøyet er utvikla spesielt for familiar som har eitt eller fleire barn med overvekt eller fedme, og for helsepersonell som arbeider med overvekt og fedme hos barn og unge.