Det er normalt å verta øm i starten av ammeperioden, men normalt skal det gå over i løpet av dei første 30 sekunda inn i amminga. Varer smertene, eller blir verre for kvar gong er noko galt, og det merker du gjerne i løpet av få timar eller dagar. Når det så først oppstår synlege sår vert det svært smertefullt å amma. I dei fleste tilfella skuldast sårheita ikkje-optimalt sugetak. Sårheita forsvinn då så fort sugetaket er retta opp. Førebygging er det aller viktigaste tiltaket du kan gjera.
Oppstår sårheita etter at du har amma i ein månad eller lenger, bør du vera merksam på at det kan vera fleire årsaker til det.
Les meir om førebygging og bahandling av såre brystvorter: Såre og vonde brystvorter.
Meir om sopp (trøske) på brystvortene.