Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

BRYNE UNGDOMSSKULE

Helsesjukepleiar : Ane Vagle Lindtjørn

Trefftid på skulen: tysdag (partal), torsdag og fredag.

Telefon: 51776456/ 48097854

Link til skulen si heimeside

 

Den halvårlige nasjonale lusesjekken. 

Hovudlus er eit tilbakevendande problem i barnehagar og skular landet over, og ein rekne med at ein til to prosent av norske barn har hovudlus til einkvar tid.

Me håpar at alle familiar med barn i barnehage eller skule i vår kommune støttar opp om aksjonen slik at me i fellesskap kan redusera luseplaga hos oss. Kven bør sjekke seg for hovudlus? Barnehagebarn/skuleelevar og deira familiemedlemmar. Tilsette i barnehage/skule og deira familiemedlemmar. Jo fleire som sjekkar seg, dess fleire vil kunne oppdage om dei har lus og behandle seg slik at luseplaga blir redusert.



SKULEHELSETENESTA FOR 2022/2023

Skulehelsetenesta skal arbeida for å
• fremma eleven si psykiske og fysiske helse
• fremma gode sosiale og miljømessige forhold
• førebygga sjukdom og skade I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon.

• jamna ut sosiale helseforskjellar.

• forebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt.

Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.

Kva kan du snakka med helsesjukepleiar om? 
Du kan snakka om kropp, vekt, kosthald, sjølvkjensle, venner, familietilhøve, kjærleik, forelskelse, psykisk og fysisk helse, seksuell legning, prevensjon og mykje meir. Helsesjukepleiar har teieplikt.
Ta gjerne med ein venn om du synest det er vanskeleg å koma aleine.

 

Plan for skulehelsetenesta

 8.trinn
Helseopplysingsskjema vert delt ut til både elev og foreldre. Individuelle samtalar med alle elevar med utgangspunkt i helseopplysningsskjema. Måling av høgde og vekt.

9.trinn
Samtalar og oppfølging av elevar ved behov. Klasseundervisning om psykisk helse.

10.trinn
Repevax vaksine (difteri, stivkrampe, kikhoste, polio). Informasjon- og samtykkeskjema vert sendt med elevane heim før vaksinering. Grupper med tema kjærleik, seksualitet og eigne grenser på Helsestasjon for ungdom, ca. 2,5 timar. (Temadag på skulen med besøk frå helsesjukepleiar, politi, jordmor, Amathea, LLH/ Skeiv ungdom.)



Mange barn og unge har spørsmål om koronavirus. I filmen får du svar på spørsmål som Hermine (13) stiller til Helen som er lege i Helsedirektoratet.

Under puberten går kroppen gjennom ei dramatisk forvandling frå barn til voksen. Men korleis gjer han det?

Nakenbilete, eller «dickpics» og «nudes», som dei meir spesifikt kallar det på ungdommeleg internasjonalsk, florerer i ungdomsmiljø kor alle har ein smarttelefon.

Spredniing av desse bileta og filmar har vorte ein utfordring som tidligare generasjoner ikkje hadde i same omfang.

Kva skal me seia til unge om å senda nakenbilete?