Barn utviklar seg i forskjellig tempo, og det kan vera store variasjonar i når dei minste når forskjellige milepælar som å sitja, krabba og gå. Dette har mellom anna samanheng med hjernen si modning og utvikling, og med barnet sine mogelegheiter for leik og fysisk utfalding. Spedbarn bør liggja på magen fleire gonger om dagen, og når babyen blir større bør den få leika og bevega seg på golvet. Gje barnet erfaring med forskjellige typar underlag å bevega seg på.