Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

SØVN

Søvn er viktig for både helse og utvikling. Kunnskap hos foreldre om barn sine søvnvanar kan førebyggja søvnproblem.

Den første tida søv spedbarnet frå 16- 20 timar, fordelte over heile døgeret. Etter 6 mnd. søv barnet 10-12 timar om natta og gjerne to gonger à 1- 3 timar om dagen. Ved eittårsalderen vert søvnen redusert til ein gong om dagen, og i 2- 3 årsalderen sluttar dei fleste heilt å sova på dagtid.

Søvn føregår i fleire stadiar, frå lett til djup. 5- 7 gonger i løpet av natta oppstår det nesten vakenheit eller oppvakning. Under slike oppvakningsperiodar vil barn som har lært seg å sovna av seg sjølv vanlegvis kunna sova vidare utan hjelp frå foreldra. Barn som ikkje har lært det kan vakna opp og trengja hjelp til å sovna igjen.

Les meir om søvn hos spedbarn: Helsenorge.no

Nytt tilbod til foreldre som oppleve utfordringer knytta til søvn hos barn

Søvngruppe er et kurstilbod for foreldre med barn i alderen 7 månader til 2 år som oppleve at dei har utfordringar med søvn.  

Utfordringar kan vera: Innsovningsvanskar, oppvåkningsvanskar, utfordringar med leggerutiner eller å ha eit ønske om å etablere en felles arbeismodell som foreldra, i møte med barnets søvn 



Søvn er viktig for helsa og utviklinga til barnet; både 
mengde og søvnkvaliteten speler ei rolle. Frå ca. 3 
månaders alder kan foreldre læra barnet sitt gode 
søvnvanar.

Film frå norsk psykologforening.

 


Foreldre til barn med søvnproblem og nattlege oppvakningar er ofte slitne og kan derfor oppleva alle velmeinte forsøk på å skapa endring som krav som overstig det dei kan klara. Tiltak bør derfor gjerast saman med familien og basera seg på ei realistisk vurdering av kva det er mogeleg å få til.



Mange barn har problem med å roe seg ned ved sengetid eller vaknar ofte i løpet av natta. Enkle råd kan hjelpa barn til å sova betre. 

Å gå i søvne er spesielt vanleg i ung alder. Rundt 20-30 prosent av befolkningen har gått i søvne minst ein gong i løpet av livet.

Kvar familie må finna sin måte å sova på i forhold til kva dei trivs med og kva som gjev god kvile for både foreldre og barn. Nokre søv saman med barnet heile natta, mens andre lar barnet sovna i eige seng, men legg det over i foreldresenga når det vaknar for nattmåltid. Samsoving kan gjera nattamming enklare, ettersom ein ikkje treng stå opp or senga, og kan dermed bidra til betre kvile og søvn for både mor og barn.



Brå og uventa død i sped- og småbarnsalder (krybbedød) var ei viktig årsak til dødstala blant spedbarn i Norge på 1980-talet. Dei siste 10 åra har krybbedødstala i Norge stort sett lege mellom 15 og 25 i året, mens det tidlegare låg betydeleg høgare.