KAN BARNET DITT HØYRA?
Kort etter fødselen:
Kan du sjå at barnet høyrer
stemmen din? (Blir meir vaken og merksam, vider ut augo, blir stille eller
viser andre teikn.) Skvetter til ved uventa lydar (ikkje smelling med dører og
anna som kan gje lufttrykk og vibrasjon som barnet reagerer på)?
Ved 1 månad:
Barnet blir tydeleg stille dersom du snakkar til det, sjølv om det
ikkje ser deg.
Ved 3 månader:
Barnet stilnar eller smiler til lyden av stemmen din. Det snur augo
eller hovudet etter lyden.
Ved 6 månader:
Barnet snur seg straks mot stemmen din eller lave lydar som knitring av
papir eller liknande. Det liker å lytta til sin eigen stemme. Ved svar høyrsel
minkar barnet sin stemmebruk.
Ved 9 månader:
Barnet lyttar intenst til svært låge lydar frå kjelder ute av syne.
Liker framleis å lytta til sin eigen stemme og prøver seg på forskjellige
lydar.
Ved 1 år:
Som ovanfor, barnet viser respons på eige namn og andre vande ord.
Byrjar å forstå «ja» og «nei»
I barnealderen:
Som ovanfor. Språkutvikling som forventa.
Anna:
Ver merksam på uro, at søvnproblem, konsentrasjonsproblem, «vanskeleg
gemytt» og andre generelle teikn kan ha sin årsak i plager frå øyrene/ nedsett
høyrsel.
Dersom du har mistanke om at
barnet ditt ikkje høyrer godt nok, bør du kontakta helsesjukepleiar eller eigen
lege.
HAR BARNET DITT NORMALT SYN?
Kort etter fødselen:
Prøv å få blikkontakt med
barnet. Barnet ser deg best på ein avstand av ca. 20 cm. (Frå armkroken din er
avstanden heilt perfekt!) Er det nokon av dei nære slektningane som skjeglar
eller brukar sterke briller (foreldre eller søsken)?
Ved 6 veker:
Du bør nå vera sikker på at du har blikkontakt med barnet ditt. Kanskje
får du eit smil! Prøv å få han/ henne til å følgja gjenstandar med augo. (Nokre
barn greier dette svært tidleg.)
Ved 3 månader:
Følgjer barnet gjenstandar med augo? Smiler barnet når han/ ho kjenner
igjen ansiktet ditt? (Obs, ingen lyd!) Viser barnet interesse for hendene sine?
Ved 6 månader:
Har du inntrykk av at barnet ser gjenstandar i rommet? Greier du å
finna ut kva det er barnet ser på, slik at du sjølv meiner at du og barnet
deler opplevinga? Tar barnet etter
leiker? Har du mistanke om at barnet skjeglar?
Ved 8-10 månader:
Som ovanfor. Har du i tillegg inntrykk av at barnet ser svært små
gjenstandar, gjerne noko som han/ho finn på golvet eller smular på bordet i
samband med måltida? Prøver barnet å ta etter småting som det ser?
Ved 1 år:
Som ovanfor. Presist grep med hendene.
I barnealderen:
Snublar barnet ofte, «ser seg ikkje føre», problem med å hoppa eller
hinka? Uvillig til å kopiera/ teikna? Problem med å sortera fargar?
Anna:
Ver merksam på om barnet undersøkjer leiker med munnen også etter 10-12
månader. Har barnet eit upresist eller nølande grep? Har barnet lite mimikk,
lite imitasjon? Har barnet urolege augo (nystagmus)? Blir barnet fort trøtt når
det må bruka augo sine?
Dersom du har mistanke om at
barnet ikkje ser godt, bør du kontakta helsesjukepleiar eller eigen lege.