HEIMEBESØK
Helsestasjonstenesta er ofte det nyfødde barnet sitt første møte med det kommunale helsevesenet.
Helsesjukepleiar kan vera ein god samtalepartner dersom det er noko du/de lurer på eller har behov for å snakka om. Ho/han kan hjelpa deg med praktiske råd om stell, ernæring og søvn, tankar rundt foreldrerolla, eller andre tema om barnet og familielivet.
Når eit barn blir fødd vert fødselsmeldinga send til helsestasjonen på Bryne. Helsesjukepleiar i distrikt ditt vil så ta kontakt for å avtala heimebesøk. Du kan òg sjølv ta kontakt med helsestasjonen.
Helsesjukepleiar kjem på besøk 7-10 dager etter at barnet er født.
Målet med heimebesøket:
• gje foreldra individuell og nødvendig informasjon, støtte og rettleiing ut frå behov.
• etablera kontakt tidleg, helst med begge foreldra.
• leggja grunnlag for vidare oppfølging av barnet og samarbeid med familien.
Det er ønskjeleg at begge foreldra er til stades under heimebesøket.