Barnet si vektutvikling er den beste måten å vurdera om det får nok mjølk. Er ikkje vektauken som venta kan den primære årsaka anten liggja hos barnet eller ho kan liggja hos mor.
TEIKN PÅ EFFEKTIV AMMING HOS DET FRISKE BARNET:
TEIKN PÅ AT BARNET KAN FÅ FOR LITE MJØLK:
- søv mykje, få og/eller kortvarige måltid, sovnar fort ved brystet
- barnet vil dia "heile tida"
- misnøgd og irritabelt barn, som skrik mykje og ofte
- færre enn 8 amminger pr.døgn, oftast kortvarige
- få teikn på god utdrivingsrefleks; høyrer ikkje barnet svelgja
- få våte bleier, konsentrert urin og sjeldan, sparsom avføring.
VANLEGE ÅRSAKER TIL AT BARNET TEK TIL SEG FOR LITE MJØLK:
For sjeldan amming grunna
- faste stell etter klokka
- slapp (gulsott), "for snill" baby, som treng å stimulerast eller vekkjast
- mor svarar ikkje på barnet sine signal, lar barnet venta på mat
For kort ammetid pr.døgn
- raske, travle måltid, mykje mas frå søsken
- tilbyr bare eitt bryst
- mor kjedar seg, forstår ikkje kor viktig rikelig sugetid er
- smertefull amming
For høgt trykk i brystet grunna
- brystspreng, mor er borte frå barnet i for lange perioder
- svak suging, barnet bidreg ikkje til effektiv tøming
- svakt fungerande utdrivingsrefleks
Nattamminga har stoppa for tidleg, noko som medfører
- for lange intervall mellom amming
- svekka hormonrespons, fordi det vert produsert spesielt mykje ammehormon ved nattamming
Barnet sine signal om aukedagar
- vert ignorerte
- vert erstatta med smokk - barnet etterspør derfor ikkje brystet
Dårleg ammeteknikk
- slitsam stilling for mor
- dårleg sugetak, lite effektiv suging
Tillegg av annen mjølk eller fast føde
- for tidleg, i for store mengder, gitt før amming.
MOGLEGE ÅRSAKER TIL LÅG MJØLKEPRODUKSJON HOS KVINNA
Utdrivingsrefleksen fungerer svakt
På sikt kan ein dårlig utdrivingsrefleks føra til lågare produksjon grunna dårleg tøming
- for dårleg stimulering
- barnet får ikkje tid til å søka energisk
- alkohol ut over 1-2 glass
- smerte, kulde
- bekymring, redsle, trøyttheit, isolasjon?
- tidlegare overforbruk av Syntocinon?
Sjeldnare årsaker til at det ikkje vert produsert nok mjølk
- lite kjertelvev. Dette kan førekoma hos kvinner både med store og små bryst. Symptom: Inga eller lita utvikling av bryststorleik i graviditet eller postpartum. Aldri opplevd brystspreng.
- utsliten, store psykiske påkjenningar
- mor brukar kombinasjons p-pille
- mykje røyking
- gjenverande placentavev (produserer progesteron)
- stort blodtap ved fødsel. Låg hemoglobin kan forseinka mjølkeproduksjonen
- ny graviditet
- vemjing ved amming (familie, naboar, barnsdomsopplevingar, incest)
- medisinske tilstandar hos mor: kvinner med lågt stoffskifte eller polysistisk ovariesyndrom kan ha lågare mjølkeproduksjon
- enkelte medikament, f.eks antihistamin, kan påverka mjølkeproduksjonen.
VISS DET ER UKLART KVIFOR BARNET IKKJE LEGG PÅ SEG SOM FORVENTA, ER DET VIKTIG Å VURDERA OM SJUKDOM KAN LIGGJA TIL GRUNN. BARNET BØR DÅ SJÅAST PÅ AV LEGE.
Vil du lesa meir om amming og vektauke finn du meir info på ammehjelpens nettsider