Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

BARNET OG FAMILIEN

Foreldra er dei viktigaste personane i eit barn sitt liv. Søsken, besteforeldre, vener og dei som jobbar i barnehagen påverkar sjølvsagt òg barnet si utvikling, men det er foreldra som er dei næraste omsorgspersonane, og dei som betyr aller mest.

God omsorg frå fødselen av aukar livskvaliteten og legg eit godt grunnlag for å møta utfordringar seinare i livet. Barnet og foreldra påverkar kvarandre gjennom samspel, og barnet sine eigenskapar verkar inn på korleis foreldra reagerer.

Som foreldre står me betre rusta til å støtta barnet til ei trygg og god utvikling dersom me har kunnskap om korleis barn flest utviklar seg, og korleis me kan hjelpa i forskjellege fasar. Helsestasjonen kan vera ein god samtalepart, og kan gje rettleiing når familien har ting dei lurer på eller når dei møter utfordringar.

«Kan me levera babyen tilbake?» Sjølv om barnet hadde gledd seg til å bli storesøster eller storebror, er det vanleg med søskensjalusi. Men kvifor blir barnet sjalu, og korleis kan du førebyggja og takla det?

Artikler om forholdet mellom foreldre og barn.

Eit godt parforhold er viktig for den psykiske helsa, og det kan verna både menn og kvinner mot uheldige verknader av ulike belastningar. Eit dårleg parforhold er ein av de største risikofaktorane for depresjon i tida rundt fødsel, både for menn og kvinner.

Eit konfliktfylt forhold mellom foreldra henger òg saman med dårleg psykisk helse hos barna. Dette gjeld både i familiar kor foreldra holder saman, men òg der foreldra har gått frå kvarandre. Foreldrekonfliktar og samlivsbrot heng ofte saman, og begge deler har vist seg å kunna ha negative konsekvensar for barna. Dette gjer det viktig å forebyggja foreldrekonfliktar og samlivsbrot, både for dei vaksne, men like mykje for barna si helse og utvikling.


Foreldra sine tankar om og forståing av barnet og korleis barnet handlar har betydning for korleis foreldra reagerer. Dersom foreldra tolkar eit sinneutbrot som «trass» vil dei truleg handtera situasjonen annleis enn foreldre som ser på det som ei markering av sjølvstende.

Stress er kroppslege og psykologiske reaksjonar på fysiske eller psykiske belastningar. Både barn og vaksne kan bli stressa. Ordet stress kjem frå det latin stringere, som tyder å stramma eller snøra til. Det er ganske dekkande for den kjensla me kan ha når me er stressa; det opplevast ofte som eit ubehageleg press utanfrå og/eller innanfrå, som gjer at det strammar seg til i muskulatur og snevrar seg inn – f.eks i brystet eller til og med hovudet.

Barn kan reagera veldig forskjellig på samlivsbrot, med alt frå apati og tilsynelatende likesæle til fortviling og aggresjon.

Alle familiar møter før eller sidan sorg. Forståinga av døden heng saman med den intellektuelle utviklinga hos barnet, og i småbarnsalderen kan det vera vanskeleg for barnet å forstå at døden er endeleg.

Små barn kan f.eks spørje; «når kjem farfar tilbake?». Fordi små barn ikkje skjønar rekkevidda av døden er det ikkje uvanleg at dei bare tek ein kort pause frå det dei driv med når dei får vita at ein nær person er død. Deretter leikar dei vidare som om ingenting hadde hendt. Dette kan verka forvirrande for dei vaksne dersom dei ikkje er klare over at barnet ikkje har same forståinga av døden som det større barn og vaksne har. Men etter ei stund vil sorgreaksjonane kome hos barnet òg.