Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

Den første tanna kjem som regel når barnet er ca. 6- 8 månadar, men tenner kan koma både tidlegare og seinare.

Start med dagleg tannpuss så snart den første tanna bryt fram. Etter kvart som barnet blir van med tannbørsten bør tennene pussast morgon og kveld. Når tennene bryt fram kan det klø i gommane, og barnet puttar derfor gjerne ting i munnen. Gje barnet ein bitering av hard gummi eller plast, men utan skarpe kantar. Til tannpussen hos dei minste barna brukar du ein mjuk, liten babytannbørste med bitte litt fluortannkrem på, så aukar du mengda tannkrem tilsvarande barnet sin lillefingernagl frå eittårsalderen, og når barnet er 5- 6 år bør mengda tannkrem vera på størrelse med ei ert.

Tips til tannpuss med dei minste barna:
Til å begynna med bør du pussa tennene mens barnet ligg, då har du best oversikt. Når barnet blir litt større kan du la det sitja på fanget med hovudet i armkroken. La tannpussen bera preg av leik. Det finst fingertannbørstar av silikon å få kjøpt dersom tannpussen med den vesle er vanskeleg. Tannpussesongar kan òg vera til hjelp.

For å ta vare på tennene til barnet er det viktig å eta sunn og variert mat til faste måltid. Bruk vatn som tørstedrikk mellom måltida og avgrens bruken av juice, saft og brus. Det same gjeld for lettbrus/lettsaft. Innfør godteri bare ein dag i veka. Ved å etablera gode kosthaldsvanar, faste måltid og rutinar for tannpuss tidleg vert òg grunnlaget for barnet sine vanar også seinare i livet lagde.

Fluortablettar må brukast etter tilråding frå tannlege eller tannpleiar

Barn treng hjelp av ein vaksen med tannpussen fram til 10 årsalderen.

Er det vondt å få tenner?
Tannframbrotet skjer utan sår, men det kan gje trykk og kløe. Dette kan gjera barna irritable og urolege. Nokre kan ha nytte av ein bitering av gummi som er god å tygga på, skånsom for tannkjøtet og lett å halda rein.

Får barnet feber eller diaré? Ein lett forhøgd kroppstemperatur i samband med tannframbrotet er ikkje uvanleg. Høg feber derimot skuldast andre forhold enn tannframbrotet. Diaré skuldast ikkje tannframbrotet, men kan ha samanheng med nye matvarer som vert tekne i bruk, eller vera ein reaksjon på alt barn i den alderen vanlegvis puttar i munnen.

Er smokk skadeleg?
Barn har eit medfødd sugebehov. Barn som brukar smokk eller syg på fingen, kan få tannstillingsfeil. Dette rettar seg som regel viss barnet vert avvendt i god tid før frambrotet av dei varige tennene. Det er lettare å slutta med smokk enn med finger.

Tannskader:
Fall eller slag mot munnen kan skada tennene. Ta derfor kontakt med Bryne tannklinikk ved fall eller slag mot munnen.
Dersom barnet ditt treng medisin kan det vera lurt å spøjra legen/apoteket om det finst sukkerfrie alternativer.

Tannhelsekontroll:
Etter lov om tannhelseteneste har barn og unge frå fødselen og ut det året dei fyller 18 år rett til gratis tannhelseteneste. Barn vil bli kalla inn til tannhelsekontroll det året de fyller 3 år, og elles kan òg helsesjukepleiar tilvisa yngre barn til tannklinikk ved behov.

BRYNE TANNKLINIKK tlf.nr: 51 77 16 00.

Les meir på helsenorge.no:

Tenner hos barn

Tannstell hos barn

Vondt i munnen hos barn