SKULEHELSETENESTA FOR 2026/2027
Skulehelsetenesta skal arbeida for å
• fremma eleven si psykiske og fysiske helse
• fremma gode sosiale og miljømessige forhold
• førebygga sjukdom og skade I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon.
• jamna ut sosiale helseforskjellar.
• forebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt.
Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.
Plan for skulehelsetenesta:
1.trinn: Helseopplysing frå foreldra om barnet si helse. Helsesamtale hos helsesjukepleiar, vekt- og høgdemåling. Konsultasjon hos lege med mellom anna somatisk helseundersøking.
2.trinn: Tetravac-vaksine (difteri, stivkrampe, kikhoste og polio). Informasjons- og samtykkeskjema til foreldra vert sendt med elevane heim før vaksinering
3.trinn: Gruppesamtalar om helse og trivsel. Foreldra får eit helseopplysningsskjema dei skal fylla ut i førekant. Vekt- og høgdemåling.
4.trinn: Klasseromsundervisning i Psykologisk førstehjelp
5.trinn: Gruppesamtalar om pubertet. Foreldra får eit informasjonsskriv i førekant.
6.trinn: MMR - vaksine (meslingar, kusma og raude hundar). Informasjons- og samtykkeskjema til foreldra vert sendt med elevane heim før vaksinering.
7.trinn: HPV-vaksine (for førebygging av livmorhalskreft). Informasjons- og samtykkeskjema til foreldra vert sendt med elevane om lag 14 dagar før vaksinering.
Enkeltkonsultasjonar på alle klassetrinn ved behov