Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145

Spedbarnsernæring

 • For barn som får morsmjølk (vert fullamma) er det ingen grunn til å starta med annan mat før barnet har fylt seks månadar, så sant barnet veks og trivs. Viss barnet treng meir mat, forsøk først å auka mengda morsmjølk ved å amma oftare. Amming om natta er effektivt for å auka mjølkeproduksjonen. Viss barnet etter nokre dagar framleis verkar svoltent, kan du, etter at barnet har fylt fire månadar starta forsiktig med litt fast føde. Gje heller fast føde enn morsmjølkerstatning, slik at barnet venner seg til ulike smakar og konsistensar.

• Dersom det er behov for annan mat enn morsmjølk, er morsmjølkerstatning det einaste alternativet dei fire første månadane. Delvis amming er òg bra for barn og mor. Dersom det er behov for meir mat enn morsmjølk etter at barnet er fylt fire månadar, bør fast føde introduserast.

• Når barnet er seks månadar gammalt bør det få annan mat i tillegg til morsmjølka/ morsmjølkerstatninga. Barn bør om mogeleg få morsmjølk eller morsmjølkerstatning i heile det første leveåret. 


Når barn har fylt seks månader, er det på tide å starta med fast føde. Nokon barn har behov for fast føde endå tidlegare.

 


Det er normalt at små barn er kresne i periodar. Det er viktig å trygga barnet i at mat ikkje er farleg. Barnet må få vita at det kanskje ikkje liker noko første gong det smaker det, men at små smakebitar gjer at maten etter kvart opplevast som kjent. 

Helsedirektoratet og Nasjonal kompetansesenter for amming lanserte 23. februar «Alt om spedbarnsernæring» på helsenorge.no.

Her kan du finna informasjon om amming, morsmjølkerstatning, metodar for å gi morsmjølk og morsmjølkerstatning, fast føde og vitamintilskot.

Les meir på helsenorge.no

 


Film fra nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet.

Brosjyre frå Helsedirektoratet: Mat og måltider for spedbarn

Informasjon frå Matportalen: Spedbarn (0-12md)

Informasjon frå Helse Norge: Å starte med fast føde til babyen

Informasjon frå ammehjelpen.no: Innføring av fast føde

Nasjonalt kompetansesenter for mat, helse og fysisk aktivitet: Kostråd for barn under 1 år

                                                                                                   Spisetid og spiseutvikling

                                                                                                  Jern

Mat og måltid for barn over 1 år

Informasjon frå Matportalen: Barn og mat