Nettopp blitt gravid? Samtale med jordmor
Korleis kan barnet ditt få best mogeleg vekst og utvikling i svangerskapet?
Dersom du bur i Time kommune og nyleg er blitt gravid, får du nå tilbod om ein tidleg samtale med jordmor.
Temaet vil vera levevanar som kan ha betydning både for deg og barnet som veks i magen din.
Samtalen varer i inntil 60 minutt og er gratis. Ta kontakt med helsestasjonen for å få ein timeavtale med jordmor.