SKULEHELSETENESTA FOR 2022/2023
Skulehelsetenesta skal arbeida for å
• fremma eleven si psykiske og fysiske helse
• fremma gode sosiale og miljømessige forhold
• førebygga sjukdom og skade I samarbeid med heim, skule og det øvrige hjelpeapparatet skal skulehelsetenesta arbeida for å identifisera og løysa dei helsemessige problema som knyter seg spesielt til skuleeleven sin situasjon.
• jamna ut sosiale helseforskjellar.
• forebygga, avdekka og hindra vald, overgrep og omsorgssvikt.
Foreldre og elevar kan ta direkte kontakt med helsesjukepleiar.
Kva kan du snakka med helsesjukepleiar om?
Du kan snakka om kropp, vekt, kosthald, sjølvkjensle, venner, familietilhøve, kjærleik, forelskelse, psykisk og fysisk helse, seksuell legning, prevensjon og mykje meir. Helsesjukepleiar har teieplikt.
Ta gjerne med ein venn om du synest det er vanskeleg å koma aleine.
Plan for skulehelsetenesta
8.trinn
Helseopplysingsskjema vert delt ut til både elev og foreldre. Individuelle samtalar med alle elevar med utgangspunkt i helseopplysningsskjema. Måling av høgde og vekt.
9.trinn
Samtalar og oppfølging av elevar ved behov. Klasseundervisning om psykisk helse.
10.trinn
Repevax vaksine (difteri, stivkrampe, kikhoste, polio). Informasjon- og samtykkeskjema vert sendt med elevane heim før vaksinering. Grupper med tema kjærleik, seksualitet og eigne grenser på Helsestasjon for ungdom, ca. 2,5 timar. (Temadag på skulen med besøk frå helsesjukepleiar, politi, jordmor, Amathea, LLH/ Skeiv ungdom.)