Konsultasjonen vert gjennomført av jordmor.
Heimebesøk innan 3 dagar etter heimkomst frå barselavdelinga.
Mor/partner ringer eller sender sms til Jordmortelefonen (tlf: 90 09 39 76) etter fødselen.
Der opplyser ein om fødselsdatoen til barnet og namnet på mora.
Me oppfordrar partnaren til å vera med på samtalen.Jordmor samtalar om opplevingar ved fødselen og barseltida på sjukehuset. Ein tek utgangspunkt i foreldra sine behov.
Aktuelle tema:
Mor- fødselsoppleving, blødning, psykiske reaksjonar, rifter/sting, søvn/kvile, bekkenplager, teikn på brystbetennelse og ammerettleiing.
Barn- amming, ernæring, vekt, hud/navle, avføring, urin og spørsmål foreldra måtte ha.Dei som har behov for vidare oppfølgjing gjer avtale om det. Denne føregår på helsestasjonen.
Kjelde: Nasjonalt faglig retningslinje for barselomsorgen.