Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
Heimebesøk 7-10 dagar etter fødsel

Konsultasjonen vert gjennomført av helsesjukepleiar.

Helsesjukepleiar tek utgangspunkt i foreldra sine behov.

FORELDRERETTLEIING:

  • Tema som foreldra ønskjer å ta opp.
  • Foreldra si fysiske og psykiske helse, trivsel, sjukdom
  • Samspel og tilknyting: Foreldra si betydning for utvikling, tilknyting og samspel med barnet
  • Barnet sine behov for reguleringsstøtte og omsorg
  • Gjennomgang av familieanamnese (familien si sjukehistorie), fødselsoppleving, svangerskap, sosialt nettverk, foreldrerolla, familiesituasjonen, samliv, søsken. 
  • Foreldra si psykiske helse
  • Barnet sin vektauke og trivsel
  • Overgang frå par til familie, bekymringar og gleder rundt foreldrerolla og arbeidsdeling mellom foreldra
  • Stimulering av barnet
  • Informasjon om helsestasjonstilbodet
  • Amming, evt. behov for morsmjølkerstatning
  • Barn som får morsmjølk bør få D-vitamindråpar frå ca. 1. veke
  • Miljø og sikkerhet, 0-6 måneder. 
  • Førebyggjing av ulukker og skadar 
  • Søvn og sovestilling
  • Barnestell- og utstyr
  • Tobakksfritt miljø
  • Rusmiddelbruk (alkohol og andre rusmiddel)
  • Krybbedød
  • Vald, overgrep og omsorgssvikt (vogging vs. filleristing, barnegråt og stress) 
  • Trygdeytingar
  • Etterkontroll og prevensjon (evt. overført til 6 veker) 
  • Informasjon om vaksinar 

 

HELSEUNDERSØKINGAR OG VAKSINAR:

  • Gjennomgang av helsekortet: funn som gjev grunnlag for oppfølgjing vert noterte
  • Åtferd og kontakt
  • Observera og tematisera foreldra sin sensitivitet og samspel med barnet
  • Observera barnet sin trivsel og vektauke
  • Vurdera barnet sin stelleplass
  • Augo (stilling, infeksjon)
  • Observera barnet sin motorikk, observasjon i ryggleie og mageleie
  • Veging, og måling av barnet sin hovudomkrins (i tråd med Nasjonale faglige retningslinjer for veiing og måling i helsestasjons- og skolehelsetjenesten)
  • Hud: Gulsott, inspeksjon av navle og sjukdomshistorie i høve til hudsjukdommar/allergi
  • Hals: Feilstilling av hovudet (Torticollis)
  • Syn: Blikkontakt
  • Høyrsel: Høyrselsreaksjon
  • Rørslemønster 

 

GENERELL OBSERVASJON:

  • Vald, overgrep, omsorgssvikt  

 

GENERELL VURDERING:

  • Temperament, vakenheit
  • Hudfarge/perifer sirkulasjon: bleikskap, cyanose, ikterus?
  • Pustemønster: Rask? Anstrengt?
  • Rørslemønster (alternerande, sidelikt, symmetri?)
  • Tonus: normal, hypoton, hyperton, ubalanse mellom fleksorar og ekstensorar.
  • Hovud og hals: skeivheit (torticollis)
  • Barnet bør kledast heilt av under undersøking og observasjon.