Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
Samliv og familie

Eit godt parforhold er viktig for den psykiske helsa, og det kan verna både menn og kvinner mot uheldige verknader av ulike belastningar. Eit dårleg parforhold er ein av de største risikofaktorane for depresjon i tida rundt fødsel, både for menn og kvinner.

Eit konfliktfylt forhold mellom foreldra henger òg saman med dårleg psykisk helse hos barna. Dette gjeld både i familiar kor foreldra holder saman, men òg der foreldra har gått frå kvarandre. Foreldrekonfliktar og samlivsbrot heng ofte saman, og begge deler har vist seg å kunna ha negative konsekvensar for barna. Dette gjer det viktig å forebyggja foreldrekonfliktar og samlivsbrot, både for dei vaksne, men like mykje for barna si helse og utvikling.

Helsestasjonen er ein svært viktig arena for førebyggjande helsearbeid. De fleste familiar er i kontakt med helsestasjonen i fasen med graviditetar og små barn. Korleis foreldra har det saman som par bør vera eit tema i samtale med fagfolk på helsestasjonen. På denne måten kan helsestasjonen vera ein viktig arena for førebyggjing av psykiske vanskar hos vaksne og barn ved at helsesjukepleiar og andre fagfolk ved helsestasjonen lyttar, støttar og tilviser vidare ved behov.

Les meir om dette temaet på Bufdir.no: