Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
Motorisk utvikling

Grovmotorikk:

Som nyfødd klarer barnet å sentrera og halda hovudet i midtstilling når det ligg på ryggen i nokre få sekund.

Ved 2 månadar har barnet større kontroll, og nokre barn kan alt då halda hovudet oppe i sitjande posisjon eller liggjande på magen.

Ved ca. 3– 4 månadar alder begynner spedbarn å rulla. Det skjer som regel første gong når barnet ser noko interessant og prøver å snu hovudet for å sjå betre. Når babyen snur hovudet følgjer kroppen etter og han rullar rundt. Vanlegvis rullar barn frå mage til rygg før dei rullar frå rygg til mage.

Barn klarer å sitja utan støtte i ei kort stund ved ca. 6 månadar. Det går gjerne et par månadar til før barnet sjølv klarer å setja seg frå liggjande posisjon.

Barn startar ofte å krabba når dei er ca. 7- 9  månadar, og då er det òg vanleg at dei vaknar oftare på natta.

Ved ca. 10-11 månadar klarer barn å reisa seg opp, gjerne ved å støtta seg til møblar i passande høgde. Det er vanleg at barn går langs med møblar og støttar seg, og ved ca. 10 månadar klarer dei å stå utan støtte.

Rundt 1 årsalderen lærer barnet å gå, og ved ca. 18- 24 månadar lærer det å springa. Dei fleste barn krabber før dei går, men ikkje alle. Nokre barn ålar seg fram på golvet mens andre barn skuvar seg fram i sitjande stilling for seinare å reisa seg og gå.

I 2 årsalderen vil barnet springa etter ein ball,  og kasta han med ei hand, men klarer ennå ikkje å ta imot ballen. Nå klarer òg dei fleste å gå i trapper dersom dei kan støtta seg til eit gelender, og å gå på tærne. 

I 3 årsalderen klarer dei fleste å ta i mot ein stor ball når den vert kasta.

I 5 årsalderen kan barnet ta i mot ein liten ball med hendene.

 

Finmotorikk:

Dei første månadane puttar barnet så og seia alle gjenstandar i munnen for å undersøka form, overflate og temperatur.

Ved 1 månad held gjerne barnet nevane knytte nær ansiktet sitt, mens ved ca. 2 månadar har det nevane opne 50 % av tida. 

Når barnet lærer å gripa ved ca. 4 månadar utforskar det òg gjenstandane med hendene sine.

Ved ca. 5 månadar kan barnet sjølv føra ein gjenstand frå hand til munn og ved  6 månadar kan barnet skifta ein gjenstand frå den eine handa til den andre, og sleppa og kasta ting.

Når barnet nærmar seg 1 år kan det gripa med tommel og pekefinger mot kvarandre i det som vert kalla eit pinsettgrep. På same tid blir det òg meir interessant å eta all slags «fingermat» sjølv.

Ved 1 årsalder begynner barnet å skribla, og ca. ved 3 årsalder kan barnet teikna eit kryss med to streker.

Ved 2 årsalder kan barnet bla i ei bok, og laga eit tog av klossar som ligg etter kvarandre på ei line.  

Ved 3 årsalder kan barnet laga eit tårn av 9-10 byggeklossar.

Når barnet er ca. 4 år kan det teikna ei sol med runding og streker, og ved 5 årsalder kan dei fleste klyppa med saks og skriva namnet sitt.

Ved 6 årsalderen kan barnet teikna ein diamant og eit flag, og mange kan nå skriva nokre ord og enkle setningar.