Sengevæting (gresk enurese: ufrivillig vasslating) er eit svært vanleg problem hos barn. I litteraturen finn ein litt varierande frekvens, men det gjeld ca. 40% av alle 3-åringar, ca. 20% av alle 5-åringar, ca. 10% av alle 6-åringar, 3% av alle 12-åringar. Sengevæting vert derfor rekna som eit normalfenomen inntil 6-7 årsalderen.
Årsaker til sengevæting:
Å vera turr om natta er vanskeleg. Nokre barn treng lengre tid for å kunna meistra det enn andre.Tala ovanfor viser imidlertid at så godt som alle barn veks det av seg med tida. Dei barna som brukar lengst tid har dårleg blærekontroll, noko som ofte er arveleg betinga. Problemet førekjem då gjerne hos fleire medlemmer i den same familien. I tillegg har fleire av desse barna små urinblærer som ikkje kan romma ei hel natts urinproduksjon.
Fysiske årsaker til sengevæting er sjeldne og dei kan utelukkast ved legeundersøking.
Det er òg sjeldan at sengevæting i utgangspunktet skuldast kjenslemessige vanskar. Det er såleis ikkje rett at alle barn som slit med sengevæting er nervøse. Men barna kan få nervøse problem viss foreldra handterer sengevæting på ein uheldig måte. En slik utvikling ønsker ingen foreldre.
Diverse informasjonsbrosjyrer fra torrhelenatten.no
Gode råd ved sengevæting torrhelenatten.no
Behandling av sengevæting torrhelenatten.no
Sengevæting. Info fra Helsenorge.no. helsenorge.no
Sengevætingsutstyr. helsestasjonsbutikken.no