Alt frå fødselen av likar barn betre å lytta til stemmer enn til andre lydar. Når me snakkar om språk i småbarnsalderen inkluderer me her òg gestar og kroppsspråk. Dei første kurrelydane kjem når babyen er mellom 6 og 8 veker. Disse lydane liknar på vokalar og vert etterfylgde av dei konsonantene som vert laga bakerst i munnen som g og k. Kurrelydane kjem som oftast når babyen har det bra og når du snakkar med babyen.
Barn seier vanlegvis sine første ord rundt eittårsalderen, men også her er variasjonen stor. Enkelte gjer det så tidleg som ved 9 månadar, mens andre er 16 månader. Dei første orda barnet seier refererer gjerne til personar eller gjenstandar, f.eks "mamma", "pappa", "katt", "ball" osv.
Ved å fylgja barnet si interesse og snakka om dei tinga som barnet leikar med kan foreldra stimulera språkutviklinga. Det kan òg vera fint å snakka med barnet og fortelja kva som skal skje i dei daglege rutinane. «Nå skal me kle av deg, og så skal du bada, vil du ha med deg badeanda di?». Ved å seia namnet på leiken etter at barnet har vist interesse, f.eks ved å peika, gjer me det lettare for barnet å læra namn enn om me seier namnet før barnet har vist interesse for leiken (1).
Tale- og språrkutvikling, milepæler: nhi.no
Språkkartlegging på helsestasjonen:
Under toårskonsultasjonen vil språkkartlegginga SATS 2 bli gjennomført. I forkant av toårskonsultasjonen vil foreldra få tilsendt skjemaet, "SATS-screening av toåringens språk" i posten. Det skjemaet må de så ta med ferdig utfylt til konsultasjonen.
Fireårskonsultasjonen brukar SPRÅK 4 for å kartleggja språkutviklinga til barnet.
Kilde:
1) Ulvund S E, Forstå barnet ditt 0-8 år. Cappelen Damm 2009