Skogflåtten (Ixodes ricinus) blir rekna som den viktigaste smittespreiaren blant blodsugarane i Nord-Europa. Blir du bit, bør du fjerne flåtten innan eitt døgn. Då er risikoen for å få sjukdommen borreliose låg. Mot sjukdommen skogflåttencefalitt (TBE) finst det ein vaksine.