Akupunktur
Gravide som har gått til jordmor i Time kommune kan få tilbod om akupunktur frå svangerskapsveke 38 og fram til fødsel.
Tilbodet er gratis og vert gitt på helsestasjonen.
Publisert: 04.06.2019 13:22 Sist endra: aldri Forfattar: Elin Barane Helland
Stadeg fleire gravide tilbys forberedande akupunktur til fødsel, såkalla modningsakupunktur, når fødselen nærmer seg. Mange trur feilakteg at akupunkturen skal starta fødselen. Det er ikkje det den skal, men behandlinga forberedar kroppen til fødselen, og kan gje gjevinst i kortare åpningsfase og ein kropp betre rusta til å takla fødselens påkjenninger.