Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
12 månader

Konsultasjonen vert gjennomført av lege og helsesjukepleiar.

Helsesjukepleiar tek utgangspunkt i foreldra sine behov.

FORELDRERETTLEIING:

  • Tema som foreldra ønskjer å ta opp.
  • Samspel mellom barn og foreldre
  • Amming, evt. morsmjølkerstatning
  • Fast føde
  • Behov for D-vitamintilskot i form av tran eller dråpar
  • Rørsleutvikling (aktivitet og lek)
  • Søvn
  • Vekt, lengde og hovudomkrins
  • Tannhelse: tannpuss
  • Vaksinasjon
  • Infeksjoner (luftvegar)
  • Miljø og tryggleik, 0-6 månadar, Førebyggjing av ulukker og skadar
  • Barnehage  

 

TEMA ETTER INDIVIDUELL VURDERING:

  • Tobakksfritt miljø  

 

GENERELL OBSERVASJON:

  • Vald, overgrep og omsorgssvikt  

 

GENERELL VURDERING:

  • Ernæringsstatus/ kroppsproporsjonar
  • Psykomotorisk utvikling: Merksemd, kontakt, samspel, språk, rørslemønster
  • Hudfarge/perifer sirkulasjon
  • Pustemønster  

 

SPESIELL OPPMERKSOMHET:

  • Hud og underhud: farge (bleik), utslett, sår, blødningar, lymfeknutar, kuler
  • Hodet: omkrets, form (skjevhet) sømmer, fontanelle
  • Auge og syn: blikkontakt, skjegling, plukkar små gjenstandar ved vanleg synsavstand
  • Høyrsel: snur seg til lyd, normal språkutvikling
  • Hjerte: rytme, bilydar, perifer sirkulasjon, evt. lyskepuls dersom bilyd.
  • Luftvegar: respirasjonsfrekvens, høyrbar pust, anstrengt pust, auskultasjon
  • Abdomen: lever, milt, oppfyllingar
  • Genitalia: vaginalåpning, testiklar i skrotum, brokk
  • Hofter: hudfolder, beinlengde, abduksjon
  • Ekstremitetar og rygg: rørsleutslag, feilstillingar
  • Psykomotorisk utvikling: rørslemønster, krabbar, set seg opp og sit med rett rygg, dreg seg opp til ståande, skiftar frå hand til hand, pinsettgrep
  • Munnundersøking: tannstatus, hygiene, sår, sopp

 

  • Vaksinar:  1. Difteri, stivkrampe, kikhoste, poliomelitt, Hib-infeksjon og hepatitt B (DTP-IPV-Hib-Hep-B)                          

                          2. Pneumokokksykdom

        Informasjonsfilm frå fhi: Barnevaksine ved 5- og 12- månederskontroll