Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
Stress i familien

Stress er kroppslege og psykologiske reaksjonar på fysiske eller psykiske belastningar. Både barn og vaksne kan bli stressa. Ordet stress kjem frå det latin stringere, som tyder å stramma eller snøra til. Det er ganske dekkande for den kjensla me kan ha når me er stressa; det opplevast ofte som eit ubehageleg press utanfrå og/eller innanfrå, som gjer at det strammar seg til i muskulatur og snevrar seg inn – f.eks i brystet eller til og med hovudet.

Stress i tidlege barneår påverkar både den psykiske og den fysiske helsa. Sped- og småbarn har ikkje utvikla den kognitive kapasiteten som skal til for å dempa stressreaksjonar. Det betyr at stressreaksjonar varer mykje lengre hos små barn enn hos vaksne. Stress hos sped- og småbarn vert mykje lettare aktivert enn hos vaksne, og stressreaksjonane er kraftigare.

Sjå filmen: I trygge hender

Les meir på Bufdir.no: Å takle følelsene dine som foreldre