Barn kan reagera veldig forskjellig på samlivsbrot, med alt frå apati og tilsynelatende likesæle til fortviling og aggresjon.
Det er ikkje uvanleg at småbarn som har slutta med bleie begynner å tissa på seg igjen eller får mareritt om natta dersom foreldra skil lag. Barn som er fire- fem år gamle når brotet skjer prøver gjerne å få foreldra til å flytte saman igjen. Ofte vil ikkje barnet vera åleine.Barn kan òg få kroppslege utslag som vondt i magen, diaré og oppkast. Dette er normale sorgreaksjonar, og som regel vil mange av problema knytte til samlivsbrotet gå over med tida. Kor lang tid det tek varierer derimot mykje frå barn til barn. For å minska belastninga for barnet er det viktig at foreldra klarer å samarbeida etter brotet. Barna treng at foreldra forsikrar dei om at begge foreldra framleis er like glade i dei, og at dei har to foreldre sjølv om dei har flytta frå kvarandre.
Les meir på Bufdir.no: