Foreldre til barn med søvnproblem og nattlege oppvakningar er ofte slitne og kan derfor oppleva alle velmeinte forsøk på å skapa endring som krav som overstig det dei kan klara. Tiltak bør derfor gjerast saman med familien og basera seg på ei realistisk vurdering av kva det er mogeleg å få til.
Kor mykje støtte barnet treng for å finna søvnen varierer frå barn til barn. Nokre barn søv best saman med foreldra, mens andre søv best i eiga seng. Nokre foreldre er komfortable med å sova saman med barnet og å amma om natta i lengre tid enn det andre er. Ingen familiar er like og kvar familie må finna ut kva som fungerer for dei. God kunnskap om søvn og søvnvanar er imidlertid ein god start på å etablera søvnvanar som passar for barnet og familien.
Les meir om babyer og søvn: Bufdir.no