Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
Forstopping hos barn

Ved forstopping har barnet sjeldnare avføring enn vanleg, og avføringa er hard, tørr og vanskeleg å pressa ut. Hard avføring kan gje svært smertefulle sprekker i endetarmen, og barnet kan derfor halda igjen avføringa, noko som kan forverra situasjonen. Forstopping er vanlegare, enn mange trur. Dels skuldast det arvelege faktorar, dels på toalettvanar, kostvanar og kor mykje ein rører på seg.

Spedbarn som bare får morsmjølk, får i praksis ikkje forstopping. For desse barna er det like normalt både å ha avføring fleire gonger om dagen som å ha det ein gong i veka. Barn som får morsmjølkerstatning eller som har begynt med fast føde, bør ha avføring kvar dag.

Rådfør deg med helsesjukepleiar eller lege viss du mistenker forstopping hos barnet ditt.

Dei vanlegaste årsakene til forstopping hos barn er for lite fiber i kosten, lite fysisk aktivitet og dårlege avføringsvanar. Nokre barn utset stadig toalettbesøka, noko som kan føra til at avføringa hopar seg opp i endetarmen og blir tørr og hard. Dette kan igjen føra til rifter og sprekkdanning i endetarmsopninga, og då blir det smertefullt å gå på do. Barnet vil prøva å halda igjen avføringa, og kan slik koma inn i ein vond sirkel. Akutt forstopping kan oppstå ved sjukdom, miljøforandringar og uvande forhold, for eksempel ved feber, reise, utedo eller stress.

Målet ved all behandling av forstopping er at barnet skal vera symptomfritt, ha dagleg og mjuk avføring og ingen ufrivillig lekkasje av avføring.

NB! Koblinga mellom endetarmen og urinblæra er viktig. Når endetarmen er fylt trykker han på blæra og gjer henne "irritert" og vanskeleg å kontrollera. Ei irritert blære gjer at ein må gå omkring og knipa bekkenmusklane saman, og det blir ein òg få forstopping av.

 

Forstoppelse hos spedbarn. nhi.no

Forstoppelse hos barn (hva er normalt avføringsmønster og evt tiltak) helsenorge.no

Råd til barn med obstipasjon/treg mage. torrhelsenatten.no

Doråd til barn med obstipasjon/treg mage. torrhelsenatten.no