Koppmating kan du bruka viss du skal gje utpumpa morsmjølk eller morsmjølkserstaning i dei tilfella der amminga ikkje er vel etablert.
Koppmating er gunstig fordi barnet kan bli sugeforvirra av flaska. Det er enkelt å læra seg, og kan brukast både på fullborne og premature barn. Dessutan er det gunstig fordi det stimulerer barnet sin munnmotorikk.
Informasjon om koppmating frå Ammehjelpen.