Send all post til: Bryne helsestasjon Postboks 38 4349 Bryne
Frøyland helsestasjon Gamle Åslandsvegen 27 4355 Kvernaland Telefon: 51 77 83 00/900 58 198
Avd.sjef for helsestasjons- og skulehelsetenesta Marianne Nesbø Tlf. 51 77 62 32/ 924 54 617 Send e-post til oss
Bryne helsestasjon Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 62 36
Familiesenter Hulda Garborgs veg 8 4344 Bryne Telefon: 51 77 61 11
Undheim Helsestasjon Bjønnholen 10 4342 Undheim Telefon: 51 77 65 99/ 917 83 145
Dagvæting

Blæretrening er basisen i all behandling av barn med tisseproblem på dagtid. Målet er at barnet skal tissa hyppig, regelmessig og fullstendig, og gjennom det læra å kjenna tissetrong og ta kontroll over blæra og tissinga.

Inkontinensproblem hos barn er vanlegare enn mange trur. Med daginkontinens forstår me gjenteken urinlekkasje i vaken tilstand etter fylte 5 år. Ein av fem elles friske 5-åringar og ein av sju i skulealder er dagvætarar eller nattvætarar. For ikkje lenge sidan trudde ein at årsakene var vesentleg psykososiale når barn ikkje vart turre til forventa alder. Og i nokre tilfelle kan det vera rett. Men hovudårsaka til urinlekkasje hos elles friske barn har truleg heller å gjera med sein modning av nervesystemet som styrer blæra. Det har òg vore diskutert om faktorar som "altfor bra" bleier, manglande pottetrening samt dårleg toalettmiljø på skulen, kan vanskeliggjera eller forseinka barnets si evne til å få kontroll på blæra.

For barnet sjølv er urininkontinens eit stort problem som særleg for dei yngre skoleelevane kan føra til dårleg sjølvbilete og liten sjølvtillit. Sjølv om dei medisinske risikoane oftast er små, bør hjelp absolutt tilbydast.Ta kontakt med helsesjukepleiar eller fastlege for rettleiiing og behandling.

Viss barnet er friskt er førstehands behandling såkalla blæretrening, der målet er at barnet skal bli "herre over si eiga blære".

NB! Koblinga mellom endetarmen og urinblæra er viktig. Om endetarmen er fylt trykker han på blæra og gjer henne "irritert" og vanskeleg å kontrollera.

Urinlekkasje hos barn på dagtid nhi.no